LURVETE: Varmere vann gir mer lurv.
LURVETE: Varmere vann gir mer lurv.

Rekordvarmt vann i 2025

Havforskingsinstituttet har tatt temperaturen frå sør til nord sidan 1930-talet. Det siste året har det vore uvanleg varmt, skriver HI i en pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

På faste stasjonar langs norskekysten har Havforskingsinstituttet (HI) tatt temperaturen og målt kor salt sjøvatnet er i tiår etter tiår.Ein har sett på temperaturen både øvst i vasskorpa og langt nedi djupet, heilt sidan 1930-talet. Når HI-forskarane no summerer opp kystklima-året 2025, er stikkordet varmt – både i vassflata og i djupet.

Har aldri målt høgare temperatur

Eit døme er temperaturen nær overflata – dei femti øvste metrane av vassøyla.

 – Når vi ser på alle stasjonane samla, ser vi at 2025 er det varmaste året målt nokon gong, seier forskingssjef Ingrid Askeland Johnsen ved HI.

Havforskingsinstituttet har målingar frå faste stasjonar frå heilt tilbake til 1930- og 40-talet. Nær overflata var det uvanleg høge temperaturar frå sør til nord på sommaren. På Sør- og Vestlandet var det unormalt varmt i vatnet også utover hausten.

– Og i djupet ned mot 100 meter var det varmare enn vanleg mesteparten av året. Også her var det varmast på Sør- og Vestlandet, fortel forskingssjefen.

Rekordår på Sør- og Vestlandet

Samtlege av dei sørlegaste stasjonane har vore rekordvarme i 2025.

 – På 50 og 100 meters djup har 2025 vore det varmaste året vi har observert nokon gong, på stasjonane Lista, Utsira, Sognesjøen og Bud, fortel Askeland Johnsen.

Det er ikkje berre dei faste målingane til Havforskingsinstituttet som viser at 2025 var eit unormalt varmt år.Både internasjonale målingar og modellar samt andre forskingsdata HI har, viser det same.

 – Eksempelvis har vi ein tidsserie temperaturar frå 3 meters djup, som oppdrettsanlegg i alle produksjonsområde langs kysten rapporterer inn. I alle områder sør for Bodø har 2025 vore den varmaste hausten, sidan tidsserien starta i 2012, seier forskingssjefen.

Takk til deg som abonnerer!

Du får gratis tilgang til denne artikkelen fordi andre abonnerer på Båtmagasinet. Takket være abonnentene kan vi formidle nyheter og reportasjer fra båtlivet, og gi nyttige råd og tips til båtfolket. Dersom du også vil bidra, kan du bli abonnent ved å trykke her.