utgave nr 9 1995

Maritimt raritetsgalleri

Publisert Sist oppdatert

MARITIMT RARITETSGALLERI


eller

MARITIME RARITETAR

Vi har sett båtar som på forunderleg vis er bygd inne i flasker. Einar Austgulen har snudd på flisa, og gjort flaska om til båt - smuglarbåt!

Av Marit Bendz
Kjem du med båt inn til Furnes i Gulen, er det ingenting som tilseier at landhandelen på kaia er nedlagt. Men du finn døra stengd, og kiker du inn vindauga, byrjar du å lure. For i hyllene står steintroll og skipsblokker påmonterte elektrisk lys ilag med mjølposar og kinderegg.

FANTASI
Er du heldig, sit Einar der utafor garasjen og flikkar på eit gamalt kjerrehjul. Og er han i godlune, låser han gjerne opp butikkdøra og syner deg denne merkelege butikken, som er ein mellomting mellom museum, husflidsstove, krambu og kitsjgalleri.
- Det er så hakkande gale med all denne fantasien i hovudet, sukkar han.
Men endeleg har han tid til å sleppe han laus. Etter 40 år som handelsmann stengde han døra til levebrødet sitt ved siste årsskifte. Ein kundekrins på 60 var ikkje nok til å halde liv i den 72 år gamle landhandelen yttarst i Sognefjorden. Så no let Austgulen fantasien bløme og lysa blenkje i alle krikar og krær.

LYS
På lang avstand forstår du at her bur ein som er glad i lys. På ein bergknaus like ved butikken blenkjer ei varselbøye som kom rekande frå Shetland ifjor. Båttrafikken i Brandangersundet er så liten, at Austgulen ikkje har brydd seg med å spørje om lov til å setje opp den 6 meter høge bøya, med klokke som kimar i vinden.
I hagen lyser lanterner i einskilde utformingar. Inne i butikken blafrar det i elektriske jukseflammar overalt.
- Lys er liv, og det må vere liv, seier Austgulen.
- Lys er ei markering av det gode. Eg har montert det overalt der det passar.
Innafor den opne omnsdøra blafrar det livleg, på det store fotografiet av oljeraffineriet på Mongstad står eldlogen til vers.

LEVE LIVET
Sjølv bur han i andre etasje, med god utsikt over hamna og elles det som går føre seg på vågen.
Spør du om han saknar butikken, vert det ein lang pause.
- Eg angrar ikkje på at eg la ned, kjem det etter ei stund.
- No kan eg leve livet, og gjere det eg har lyst til. No kan eg snikre og rosemåle. Endeleg kan eg glede meg over det eg har laga.
Heile huset vitnar om at fantasien til tidlegare handelsmann Austgulen ikkje har ligge nede alle desse 40 åra. Dei rosemåla skålene har han til dømes grunna ved å sette dei på platespelaren - då vert penselstroka så jamne og fine....

FLASKEKUNST
Sjølv om det meste av butikkinnreiinga er inntakt, finn ein merkelege ting som heilt sikkert ikkje var ein del av ein landhandel. Verten opnar eit koauge, og der inne har han sanneleg barskapet sitt. Fine merkevarer på rad og rekke. Men ikkje alle edle varer er plasserte der.
I vindauget står ein båt (ei trekanta whiskyflaske med ein slant på). På kahytta (lokket til ei flaske etterbarberingsvatn) står "Visnes" med sirleg sølvskrift. I 1991 vart 18 tusen liter smuglarsprit kverrsett på denne båten i Austevoll. Drammeglasa etter bestemor dinglar på dekk medan ein lighter gjer nytta som skorstein.
- Eg har ikkje vist ho til lensmannen, humrar Austgulen, og fortel om ein annan smuglarbåt - Kadetten - som vart avslørt her i Gulen omtrent på den tida flaska var ferdig.

SERVICE FOR SJØFARANDE
Einar Astgulen har sans for smuglarhistorier - eigentleg skulle han verte tollar. Men då faren døydde brått i 1955, reiste han heim for å ta over familieverksemda. På kaia har han laga eit lite servicesenter for båtturistar - dusj/toalett og vaskerom. Mange kjem innom den idylliske vika iløpet av sommaren, men mange vert nok skuffa no når butikken ikkje er meir.
- Eg kunne jo halde ope i sesongen med ein liten kiosk her. Men eg vil ikkje binde meg til faste opningstider og slikt. No vil eg vere fri - og unyttig. Men det er klart, eg går no her på kaia, og kjem det folk som er nyfikne på kva eg driv med, skal dei alltids få ta ein kikk.

IKKJE FOR SAL
Litt snop, litt brus og andre småting står framleis i hyllene til landhandlar Austgulen, innimellom gamle skipsklokker, ror, trerøter og meir eller mindre sjølvlaga raritetar.
Men om du spør om han vil selje noko, får du eit kontant svar;
- Eg sel ingenting! Eg gjev vekk eitt og anna, men resten får familien slåss om når eg er borte.
- Alt dette har eg gjort berre for meg sjølv, borna og borneborna. Det hender folk spør om eg ha tenkt å bu her nede på butikken. Det er ikkje mange som har sansen for det eg driv med. Men dei som er glade i båtlivet, dei som har innsikt - dei set pris på det.

Biletetekstar:

(bilete 1 eller 2, EA med kjerrehjul)
Etter eit hektisk kjøpmannsliv har han funne roen, Einar Austgulen. Men med alle gamle ting han har samla frå loft til kjellar, har han nok å gjere i åra framover.

(Bilete 3 eller 4, butikkvindauge utafrå)
Hos K-kjøpmannen på Furnes i Sogn er det ikkje mykje å få kjøpt lenger, men dess meir å sjå.

(Bilete 5 eller 6, båtflaska)
Einar Austgulen sin kopi av smuglarskuta Visnes er ein fantasifull kollasj med Grants Whisky som basis.

(Bilete 7, interiør frå butikken)
Innimellom gamle fotografi og båtutstyr, står det framleis atte varer frå den tida Einar Austgulen var handelsmann.

(Bilete 8, som Austgulen sjølv har teke, oversikt havna)
Det er livleg i Brandangersundet om sommaren. Men kjem båtane til å reise forbi no når butikken er nedlagt?