Kysten rundt
Bygda mellom fjord og bre
Midt i Sognefjorden finn du den 25 km lange fjordarmen som ledar inn til den verdskjende bygda Fjærland. I Fjærland er det kort avstand mellom fjord og isbre. I fleire hundre år har besøkjande komme fjordvegen for å vitna dei spektakulære brearmane som veltar ned over dalsidene i bygda.
I 2016 stod gjestehamna i Mundal klar. Med 16 nye båtplassar og ei over 100 meter lang bryggje er Fjærland blitt eit populært reisemål for båtfolk. Her finst alt du treng av fasilitetar, med dusj, toalett, vaskerom, stellerom, straum og vatn. Langs bryggja finn du også både kafé og butikk.
Bokbyen
Den lokale kafeen, Kaffistova, ligg ved enden av kaien. I tillegg til mat og drikke kan ein hjå kaffistova få kjøpt eksklusive handarbeid som er laga av lokale bestemødrer. Kaffistova sel også mat- og handarbeidsbøker, som ein del av bokbykonseptet i Fjærland. Den norske bokbyen har fleire utsal av brukte bøker rundt om i Mundal. Til saman husar bokbyen fleire kilometer med litteratur for ein kvar smak. Kvart år vert det arrangert ein minifestival i bokbyen med ulike litterære og kulturelle innslag for både små og store. I år går Boknatta «av stabelen» 6. juni.
Digitalt abonnement - 49 kroner per måned, første måned gratis
Bestill her