Kinnaspelet, Kinn
22.-23.juni
Blått hav og høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Her på havstranda, så langt vest du kan kome i Noreg, ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.
Her får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup», om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537 og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest skal setjast inn. Ingen lett bodskap å selje inn hos bygdefolket på Kinn. Dei er i gang med feiringa av Seljumannamesse, og publikum får no bli med tilbake til 900-talet og bygdefolket sitt "lille kirkespill" om prinsesse Sunniva frå Irland som rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja og blir seinare St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Båtane kjem frå kvarandre og Søstera Borni driv i land på Kinn. Etter legenda skal det vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.
-
Båtarrangementer 2024
Her finner du Båtmagasinets oversikt over aktuelle arrangementer i båt-Norge 2024.
-
Kristiansand båtmesse
11-12. mai 2024.
-
Båt og fritidsmessa, Sandnessjøen
23.-25.mai
-
Arendal Båt og Fritidsmesse
25.-26.mai
-
Asker Trebåtfestival, Sætre
31.Mai-2.Juni.
-
Kystkulturuka i Langesund
8.-13.juni
-
Hardanger Trebåtfestival
14.juni-16.juni.
-
Færderseilasen
14.-16. Juni.
-
Gladmatfestivalen i Stavanger
26.-29.juni
-
Trandalblues
5.-6. juli
-
Skudefestivalen
4.-7. Juli.
-
Flostaregattaen
6.juli-7.juli
-
Trænafestivalen
10.-13. juli
-
Ylvis-konsert i Bekkjarvik
19. juli
-
Kragerø Koggregatta
20. Juli.
-
Skåtøy Rundt
21.juli
-
Sommerkonsert på Stauper
23.juli kl 1900
-
Risør trebåtfestival
8.-10. August
-
Arendalsuka
12.-16. August
-
Båter i sjøen
29.august -1.september
-
Haugesundkonferansen
24.-25. September.