utgave nr 15 2008

Alden - Norske hesten

Publisert Sist oppdatert

Alden - Norske hesten


Pirrande i havgapet

Med sin karakteristiske silhuett er Norske hesten eit velkjent landemerke på Vestlandskysten. Går båtturen gjennom skjergarden i Askvoll er eit godt tips å legge til i Aldevågen, slite seg 481 meter opp og nyte den fantastiske panorameutsikta frå toppen.

TEKST OG FOTO: TORE AARFLOT

Alden eller Norske hesten, har ei god hamn i Aldevågen på sørsida. Med fleire private kaier der den eine er ei nedlagd rutebåthamn, leir og sandbotn og fleire fortøyingsboltar, burde det ikkje vere så vanskeleg å legge fast. Den norske los fortel om eit innløp som har ei grunne på fire meter, dermed djupne nok til alle med småbåt. Ein nyttig detalj å ta med seg er at under uver frå nord får ein sterke kastevindar i hamna. Eit alternativ for dei som ikkje vil overnatte i uthamna, er å ligge i gjestehamna på Hamnen på Værøya, andre alternativ er Nikøyna der ein kan ligge på Bulandet eller Pernillestø. Eit tips til fysisk aktivitet om ein ligg på Værøya eller Bulandet er å sykle over alle bruene som held øysamfunnet saman. Ein tur på til saman 2 mil.

Fantastisk i finever
Sagt i ein humoristisk tone og utan forkleining så kan ein påstå at den ærverdige Norske hest ser ut som ei salrygga merr. Fordelen med ei slik er at den som regel er ei sindig dame som er god og trygg å sitte på. Frå barndomen hugsar eg at det trass dei sikre rammene, var det likevel spanande å stige opp i salen. Slik også med Den Norske Hesten, eit spanande fjell som er trygt å gå på med å vise respekt for dei loddrette stupa på toppen.
Fjelltoppen Varden i aust (481 moh) som dannar skuldra av hesten og Yste Nåva i vest, ragar så høgt at ein har ypparleg utsikt til den karakteristiske Kinnakloven og Batalden i nord og ned til Sognesjøen i sør. Mot vest ser ein Værlandet og Bulandet med Sandøy yst som strekker seg mot storhavet. Når storbåra bryt på dei glattslipte berga og vinden tek sats, er toppen av Alden ikkje nokon god stad å vere. Heller ikkje når tåka ligg tjukk eller regnet piskar. Men når vergudane openberrar seg og naturen smiler får ein ei oppleving som er vel verdt å ta med seg, sjølv om den kostar litt sveitte og krefter.

Panorama
Forutan ei fantastisk panoramautsikt vert det bonuspoeng å gå på grassletta ved varden og våge seg heilt fram på kanten som stuper loddrett i havet. Svimlande 481 meter lenger nede ser ein rett ned i båten ein gjekk frå for ein og ein halv time sidan. Nifst, vil nokre seie medan dei klorar seg fast med skjelvande fingrar i det korte graset på kanten av stupet. Pirrande og spanande, hevdar andre som står oppreist og kikar utfor kanten med ilingar i magen. Men for all del. Gjer som dei eg trefte på veg ned att. Ha med tau og tjor ungane fast i varden, slike høgder skal ein ha respekt for.

God sti
Den fastbuande eg snakka med på Alden var svært imøtekomande og såg ikkje noko problem i at vi la oss ved den nedlagde rutebåtkaia. Den korte vegen opp frå kaia snor seg flatt bortover i eit idyllisk landskap. Ein har ikkje sjanse til å slite seg ut før ein finn det første skiltet som peikar oppover. Dei første 300 høgdemetera kjennest stigninga både på pusten og i beina. Dei neste 180 er berre ein leik. Stien er ikkje merka, men er god og brei og umogleg å ta feil av. Dessutan går det an å sette seg ned å nyte utsikta som er upåklageleg frå første stund.

Spenningsmoment
Den same fastbuande som informerte om kaia kan også fortelje om store førekomstar av hjort, noko som gir turen eit spenningsmoment. Sant skal seiast, eg såg ikkje snurten av den type dyr på veg opp den salrygga silhuetten. Derimot fekk eg servert historia om helikopterulukka 3. oktober 1990. Eit helikopter på søk etter far og son i ein forlist taretrålar, kolliderte med den loddrette nordvestveggen. Alle fem i helikopteret omkom. Same tragiske utfallet vart det for dei to i båten, som vart funne langt lenger nord.

Værlandet for dine føter
Sjølv om dei fleste går til Varden og fjelltoppen i aust, er det ei heilt spesiell utsikt frå fjelltoppen i vest.
Då får du Værlandet og øyane lenger ute rett under deg, fortalde den fastbuande.
Noko ho har heilt rett i.

Alden

Også kalla Norske hesten.Karakteristisk sjømerke i Askvoll kommune, Sogn og Fjordane.Øya sitt høgaste punkt er Varden (481 moh). I vest ligg Yste Nåva.Tid opp 1,5 time, totaltid 2,5 t.God tursti som er lett å følgje.Bratt dei første 300 høgdemetera.Tur for alle som vil ha flott utsikt utan å sveitte alt for mykje. Ta med nokre karameller som bensin for minstemann.God trim for høgdenervane.Privat kai eller ankring i Aldevågen på sørsida.