utgave nr 11 1998

Med luft under kjølen

Publisert Sist oppdatert

Med luft under kjølen


Med luftsmøring under skroget rasar båten avgarde i 30 knops fart, og med eit forbruk som er halvparten av det vanlege. Norvald Alfsvåg frå Bømlo var lei av å sjå akterenden på andre båtar. Etter årevis med arbeid og investeringar i millionklassen tek han hemn og legg dei fleste fritidsbåtar bak seg.


Tekst og foto: JAN HARALD LARSEN

Luftsmøring kallar han løyndomen som er skjult under vassflata. Skroget si spesielle utforming gjer at luft vert pressa inn under båten i fart. Dermed minkar friksjonen mellom sjøen og skroget, og motoren får ein lettare jobb enn på eit tradisjonelt skrog. Båten har heller ingen merkbar planingsterskel. Skroget berre løftar seg jamnt opp av sjøen etterkvart som farten aukar.
-Vårt skrog er ei modifisering av skrogtypen Myra. Ein Myra gjekk i 24 knop med ein motor på 150 HK. Etter ombygginga er farten auka til 30 knop, medan motoren er redusert til 139 HK. Det går mindre enn ein liter på mila -- ei nautisk sådann, fortel Alfsvåg.

To typar

Ideen fekk han for mange år sidan. Men arbeidet skaut ikkje fart før han gjekk inn i eit samarbeid med båtbyggjaren Dag Haldorsen. Det var for fem år sidan. Etter å ha testa ideen på modellar av ulik storleik, vart det første fullskala skroget bygd. Dei to, som i mellomtida hadde starta firmaet Vest Marine AS, kjøpte rettane til ein eksisterande båttype -- Myra. Det 25 fot lange skroget vart bygd om, fekk ny innreiing og overbygg, og den første ferdige båten -- som har fått typenemninga Svai-750 -- ligg i dag ved kai i Rubbestadneset.
No bankar dei første kundane på døra, og Vest Marin tek sikte på å byggja to ulike typar av båten. Den omtalte familiebåten med god plass til fem personar og ein som er laga med sikte på hobbyfiske.
Omlag 1,5 millionar kroner har prosjektet kosta så langt. Det aller meste er eigne midlar, og dei to eig i dag 90 prosent av aksjane i det nystifta selskapet. Resten eig Nor-Marin i Kristiansund.
I følgje konstruktørane brukar båten femti prosent mindre drivstoff enn ein båt med tradisjonelt skrog, og kjem lett opp i 30 knops fart.
Etter mykje arbeid og mykje pengar har Norvald Alfsvåg (t.v.) fått det som han vil; liten motor -- stor fart. Saman med Dag Haldorsen har han bygd prototypen av familiebåten som no er komen på marknaden.