utgave nr 11 2002

Allsidig båtvertinne i Sagvåg

Publisert Sist oppdatert

Allsidig båtvertinne i Sagvåg

Det er gratis å leggja lystbåten til kai i den tradisjonsrike hamna Sagvåg på vestsida av Stord. "På kjøpet" får flytande sommargjester heile juli ein hjarteleg og personleg velkomst og variert underhaldning frå den mangfaldige båtvertinna Gerd Myhre Thorland (52).

Tekst: Steinar Hystad

Tolv somrar har ho drive sin humørfulle turistinformasjon i eit tidlegare kafelokale på bryggekanten. Der karbonade med speilegg og lagerøl ein gong var spesialiteten, serverer Gerd Myhre Thorland informasjon om si flotte øy generelt og om si vakre heimbygd spesielt frå 0900 til 1800 kvar dag i vår mest intense feriemånad. Ho muntrar dei ventande framfor dusjrom og vaskemaskin med meldingar som: – Du rykker stadig fram i køen, ver venleg og hald plassen din. Så vankar det kaffi og vaffeljernet jobbar like jamt og trutt som vertinna.
– Morgonstund bør ha litt tull i munn. Ting går så mykje lettare når me lar humoren få innpass i dagen. Sommarjobben har lært meg at det absolutt store fleirtal av oss likar ein tjomslig omgangstone. Det viktigaste for meg er å skapa trivsel og få gjestene til å føla seg velkomne den tida de ligg her. Det hjelper å yta litt meir enn berre å stilla nokre meter kai med tilgang til vatn og straum til rådvelde, seier Myhre Thorland.
Gjestehamna har stadig aukande besøkstal. I år bortimot 700 båtar, vel 100 meir enn fjoråret. Blir det blir spurt kvifor dei nye har valt seg akkurat Sagvåg, er svaret at dei har fått tips frå andre båtfolk om å segla innom fordi dei får så god service og fordi det skjer så mykje gøyalt for små og store. Mange gjensynshelsingar mellom vertinne og mannskap vert utveksla dagleg i sesongen.
– Det er knallkjekt når eg kikkar inn under kalesjen og ser kjenningar som seier: – Ja, me måtte innom her i år også. Me hadde det så greitt her sist. Då føler eg at det er gjort godt arbeid, seier ho.
Så har då også den mangfoldige frua det ekstra travelt tre kveldar etter arbeidstid. Onsdag kler ho på seg Kalle-klovn-drakten og underheld dei minste. Borna blir med på ein songrunde til nærbutikkane der engasjerte unge røyster er avgjerande for storleik på godte-fangsten. Å få kasta vannballong på klovnefjeset er sjølvsagt også hylande moro. Torsdag kler vertinna på seg Kaptein Sagvågtann-drakten og dreg dei nest minste med i ein lang hale på jakt etter snopeskattekista.
Fredagskveldane er det rekefest for alle (vaksne kr. 100) og då framstår båtvertinna som "Krutet", i ein habitt som i seg sjølve lokkar fram iherdig humring. Når så "Krutet" tenner folket med skrøner, har auksjon på dei mest utrulege gjenstandar og elles spelar ut i fullt register blir det "stand-up" komikk av stor latterkvalitet.
Telefonar til turistkontoret midt i veka, er dei beste bevis på at dette er populære saker mellom båtferierande i vest. Frå Måløy, Stavanger og mange andre stader kjem det spørsmål om det er mogleg å bestilla plass på indre bane (ved kai) til festen fredag. Rekk dei ei god plassering om dei kjem torsdagen?
– Me føler at me har fått til noko her, og skal tilboda først omtalast, vil eg be om at dei mange gode hjelparane får sin del av rosen. Det blir arbeidd dugnad frå heile Sentrumsforeningen i Sagvåg – ein innsats me trur betalar seg i form av auka gjestetrivnad og handel. Kommunen yt eit årleg tilskot til informasjonsdelen, og dei kronene som måtte bli til overs frå aktivitetane våre blir brukt til utvida miljøtiltak i hamna. Som fleire benker og bord, fleire straumpunkt, sandkasse og minibasseng. Sagvåg med 3000 innbyggarar er faktisk nest største tettstaden i vakre Sunnhordland, sør i Hordaland og har det meste. Kystbyen Leirvik, hovudstaden på øya med sine regionstilbod ligg 8 kilometer lenger sør, informerer Gerd Myhre Thorland.
– Kaiane i Sagvåg er private og difor er det ingen liggjeavgift. Men den som vil gjera seg nytte av straumuttak får ein liten rekning. Kvar morgon pikkar vertinna på presenningen og helsar båtgjestene velkomne med ferske rundstykke og fersk lokalavis.
– Sagvåg er kjent for stundevis merkbar nordavind i den lyse årstid?
– Blir det meldt vind den vegen, organiserer me snuoprasjonen baugen imot slik at det stadig blir lunt i cocpiten. Men me bør heller ikkje gløyma at "Sagvåg i vinden" er slagordet vårt, seier turistverten – alt godt i gang med planlegging av 2003-sesongen.