Paradis på jord

Paradis på jord

Paradis på jord





Ein blåhimla sommarmorgon på akterdekk i ei lun hamn er kvalitetstid. Då er det tid for å fundere både over dagen og livet. Nyte naturen og undre seg over kvifor ikkje fleire vel å konvertere til småbåtsekta. Eg tek ikkje jobben som pastor, for eg vil helst ha ”gourmet-gryta” for meg sjølv.





TEKST: TORE AARFLOT

TEGNING: JARLE GEORG BJØRKLUND





På behagelig avstand glir den blikkstille sjøen rundt båten over i sølvblenkande småkrusingar som legg eit godt grunnlag for ei rolig feriesjel. Særleg når den lune vika eg ligg i har ein idyllisk, liten grønkledd holme som gjer det endå meir intimt enn om den ikkje var der. Fuglekvitteret frå furuskogen i åskammane rundt vika skaper ei fin ramme for feriestemninga. Den praktiske sida med åssidene er at dei stenger kulingen som stryper inn frå havet ute. I går kveld var dei lave nok til å sleppe den oransje kveldssola over.



Klokka er litt før midten av Reiseradioen, der to komikarar held på å presentere eskorteteneste. Innleiinga er litt difus, men med humoristiske vendingar blir det klart at det er tryggleik for småbåtfolket det er snakk om og ikkje konvoiar av hokjønn til den eine av programleiarane. Informasjonen om følgjebåtar kjem på løpande band. Ikkje tvil i at det er godt å ha eit merke på båten med eit stort 08-tal på og logoen til det omtalte selskapet. Det er nesten slik at eg osar av tryggleik berre med å sjå på det, samstundes som å vite at navigasjonsutstyret er i orden og nødvendige papirkart er på plass. Sjølv om eg kjøpte ein god og stabil pc er det heilt klart at også min tek ”ferie” ein vakker dag. Sjøen og havet kan vere lunefull og ofte står bølgjer i kø for å dundre inn i skroget så alt inne i båten ristar, inklusiv pc`en og alle gigabyta. Og det er klinkande klart at maritimt miljø er meir hardført enn det landfaste golvet i den stilige databutikken vert utsett for. Det får meg til å tenkje på alle desse spørsmåla frå landkrabbar utan forståing for kva ein båt vert utsett for. ”Kvifor i all verden skal kvadratmeterprisen for ein båt vere så uendeleg mykje meir enn eit hus, eller ei hytte for den del?” Det hadde vore interessant å sjå korleis eit hus ville sjå ut etter å ha blitt heisa opp og slept ned 1.000 gongar, for ikkje å seie 10.000!



Måkestup

Med skrik og skrål stuper eit par tre måkar ned frå den knallblå himmelen og forsyner seg av naturens spiskammers. Ja, eit avbrekk i roa, men også underhaldning. Underhaldninga var ikkje fullt så stor for meg her førre dagen då eg var på toppen av Silda. Ein måke kom susande som ein stupjagar og bombarderte meg med illeluktande ting. Fulltreffaren var ikkje var ein innertiar og trefte skuldra i staden for toppen der håret har blitt tynnare. Han Odd Børretzen har nesten fullstendig rett i det han syng om måkane. Men av og til kan dei faktisk lage god skjærgardstemning berre dei held seg litt på avstand og skruar ned volumknappen litt, tenkjer eg medan eg tek ein munnfull av foredla vare frå same kammerset som dei glupske og skrikande fuglane held seg i live av. Får håpe det ikkje er så mykje anna vi har til felles!





Kona sit saman med meg her på akterdekket og nyt morgonen, berre iført bikini.

- Dette må vere paradiset på jord, konkluderer ho medan dei solbrune beina som kviler på rekka vert smurt inn med solkrem. - Mykje betre enn i syden.

Sterkt sagt av ei kvinne eg er heilt sikker på har ein sterkt framskriven tilstand av grekofili og elskar endelause, aude sandstrender. Forøvrig som det ikkje er så mange att av i middelhavslandet. Erfaringsmessig bør ein helst ha båt for å nå dei, og helst eigen for at stranda framleis skal vere aude nok.

Staden eg finn meg på er milevis frå Hellas og kan ikkje skilte med same solgarantien. Likevel så er her fordømt vakkert og rolig. Og for tida, blå himmel. Ja, etter min målestokk mykje vakrare enn det ”solbrende” landet.



Folketomt

Trass i at vi ligg berre nokre sjømil søraust for Florø og at det er ferietid, er her folketomt på austenden av Ålvåra. Det er naivt å tru at ingen har oppdaga perla, for eg fekk tipset av den mørkhåra kvinna på reisebyrået i byen. Ho vart nesten religiøs då ho fortalde om barndomsminna sine frå vika. Den drøymande stemma hennar gav uttrykk for at det var lenge sidan ho hadde vore der. I skrivande stund sender eg henne takksame tankar for at ho ville dele barndomsplassen sin med ein tilfeldig, farande båtfant.





Då eg kom inn her i går slo det meg at eg hadde vore her før. Men etter sjekk i papirkartet kunne eg likevel sette eit nytt favoritt-kryss. Etter mange år på sjøen har det blitt mange slike kryss. Det ser faktisk ikkje ut til at nyoppdagingane skal ta slutt heller for der er alltid ei lun og koselig hamn uansett kvar vinden bles frå.





Det er mange år sidan vi skulle kjøpe oss hytte, men vi fann aldri draumestaden. Eller rettare sagt; om ein skulle få fatt i ei hytte i strandsona måtte hytta allereie vere bygt og eigaren villig til å selje. Lov om 100-metersbeltet og generelt byggeforbod gitt i den lokale plan- og bygningslova sytte for det.

Hersens 100-metersbelte, tenkte eg ofte då.

No hallar eg meir og meir over til å lovprise same belte. Men det undrar meg gong på gong at ikkje fleire blir omvende til småbåtsekta, og får orkesterplass i det omtalte beltet. For med småbåt får du nesten grenselaus tilgang på milevis med urørte og aude natur(perler). I alle fall på den langstrakte kysten frå sørvest til nord. Vert einsemda for stor ute i bushen er det kort veg til ein kaikant med same orkesterplass til det urbaniserte og pulserande bylivet, eller ei koselig og idyllisk hamn ute i dei meir grisgrendte strøka ein kan kjøpe fersk morgonvare frå hurtigbakeriet på kafeen eller hos den lokale kjøpmannen. I dei strøka har også dei ”pene” fruene late dagar på familien sin landstad, og der er det nesten umogeleg å bygge seg ei hytte. I så fall kjem det til å koste deg skjorta og mange fleire millionar enn ein nesten luksuriøs småbåt.



Redsel?

Er det redselen for å kaste loss, eller meir forståeleg; å legge til hamn, som gjer at ikkje fleire kastar seg utpå? Redselen for bølgjene skal ein ikkje kimse av og er høgst reell hos mange. Prioritering av fjell, campingliv, motorsykkel eller hytte er nok noko av grunnen. Eller veit ikkje folk kor fint det er her ute på sjøen?



Same kan det vere. Eg er i grunnen like glad og vil ikkje vere ein predikant for å frelse fleire inn i småbåtfolket sine rekker. For hadde det vore fleire båtfolk så var det ikkje sikkert at eg kunne sitte her og nyte roa og falle inn i den fullkomne ferietransen, medan eg fullrosar 100-metersbeltet.

Eg leitar etter adjektiv medan eg ser utover den sølvblenkjande sjøen. Tek siste biten av frukosten som er ein kald og velsmakande bit av fisk vi drog over ripa i går kveld. Stupbombarane seglar inn, tek sikte og stuper i kapp med kvarandre. Ein får stykket i nebben og stikk av garde med dei andre på slep. Så vert det brått stilt att. Lufta er varm, himmelen er blå, eg har ei underhaldande bok som ventar ved sidan av meg. På hekken har vi ei gummijolle eg kan utforske nærområdet med. Ja, eg tek gjerne oppvasken frå frukosten medan eg planlegg dagen. I bakgrunnen ebbar Reiseradioen.

Akkurat no følest det som å ete jordbær med fløyte. Det beste av alt er at ferien berre så vidt har starta!

Utgave: 

Stikkord: 

Det kan bli knapt med plass med doble hekkaggregater, men grei plass for IPS, single drev og propelloppsett.
Det nederlandske selskapet DMS Holland kan ha skutt en liten (kostbar?) gullfugl med sine nye svingbare kombinerte trim/stabiliseringsplan for hurtiggående, planende båter.
RAPTOR: Yamarin 81 DC er gjenskapt som Silver Raptor.
Silver Raptor er det nye flaggskipet fra finske Silver, men helt ny er likevel ikke båten. Den er designet av Eker Design og ble først introdusert i markedet som Yamarin 81 DC, men Silver-eieren Oy Otto Brandt Ab kjøpte modellen fra Yamarins nye eier Yamaha.
I 1999 kjørte Frode Sundsdal inn til en vanvittig fartsrekord i det tradisjonelle fjordløpet i Tvedestrand. En rundetid på 3,13 virker uslåelig. Flere har forsøkt siden, men ingen har vært i nærheten. Nå har Frode gjort et nytt forsøk.
Årlig stjeles det båter og båtmotorer for over 100 millioner kroner fra norske båthavner. Tyvene lager nye skrognummer, omlakkerer båtene og forsøker å fjerne alle spor. På denne båten glemte de et ørlite micromerke.
REKORD: Med varmen kom også kjøpelysten på båt, melder bransjeorganisasjonen Norboat. Foto: Amund Rich.Løken
Båtsalget i Norge har eksplodert takket være den varmeste maimåned på 100 år. – Det har nok aldri blitt solgt flere båter på én måned i Norge noen gang, sier bransjesjef.
GODT SALG: Den norske Bavaria-importøren Lars-Erik Solvang selger godt med båter mens jakten på nye eiere i Tyskland fortsetter. (Foto: Amund Rich. Løken).
Samtidig som jakten på ny langsiktig eier pågår, melder Bavaria at produksjonen av fritidsbåter i Giebelstadt går for fullt. I en pressemelding i dag bekreftes det at 30 båter har forlatt produksjonshallene på vei til kunder verden over i løpet av de siste to ukene. Alle 600 ansatte er i full jobb.
Elegant løsning med innbygde påhengene.
Delvis innbygde påhengere er utgangspunktet for de nye «Neo»-modellene til Greenline, som fortsetter sin linje med å utvikle miljøvennlige motorbåter. Denne gangen med den elegante skapningen «NEO».
Neste års London Boat Show er avlyst. Messa skulle ha gått fra 9. til 13. januar , men er altså avlyst. Ifølge arrangørene på grunn av «for lav interesse fra utstillere på grunn av misnøye med messa i alminnelighet, varighet og plassering».
Twitter icon
e-mail icon