Ny bruktbåt over Stadten

Ny bruktbåt over Stadten

Ny bruktbåt over Stadten

Vil bror min framleis ha meg i slekta, spør eg i det han nærmar seg den nye skuta han har kjøpt usett, berre etter vurdering av meg. Ein meir enn 20 år gamal, 26 fots glasfiberbåt som har ligge ute heile vinteren tek seg kanskje ikkje ut frå si beste side. Hva vil han si?

Tekst: Stein Tage Domaas

Det heile starta med ein telefon frå bror min i Spjelkavika ved Ålesund. Han hadde funne ein båt på Internett som såg spanande ut. Den skulle ligge i Sæveråsvågen i Lindås, nord for Bergen. Kunne eg å ta ein tur og sjekke den ut? Han meinte at mine 30 år med småbåt langs kysten kvalifiserte til å kunne føreta ei vurdering. Mens vi snakka i telefonen fann eg den på nettet. Ein 26 fot lang halvplanande finsk Beaufort bygd i 1978. Eg hadde aldri sett eller høyrt om merket. Uvanleg løysing med open uteplass rett bak lugaren i forpiggen og kjempestor salong akter. All uteplassen var oppe på dekk. Men dersom bror min ville at eg skulle sjekke den, så greitt nok.

Ein laurdag vart avtalt med eigaren, og eg fekk med ein kompis med røynsle frå dei sju hav. Det bles ein frisk liten kuling opp Austfjorden i Lindås då vi kom fram, men hamna var lun nok. Eigaren var ein hyggeleg kar, og vi fekk sett under og inni og over og mellom og gjennom alt vi ville. Prøvetur vart det og, sjølvsagt. 124 Volvohestar starta utan å kny, og vi la kursen ut av den beskytta vågen og ut på Austfjorden. Med ein kuling opp fjorden trengte vi ikkje å bruke hekkbølgjene våre for å teste sjøeiegskapene. Vatnet slo friskt over båten, og fann vegen inn under kalesja og pipla inn alle popnaglane. Alt som var laust skrangla før vi fekk stempla og låst det. Vi testa båten i full fart med, mot og på tvers av bølgjene, og den oppførte seg faktisk eksemplarisk, etter forholda.

Vel heime vart det ein lang telefonsamtale med bror min. Konklusjonen vart at dersom dei vart einige om pris, var det verdt for han å kome nedover å sjå den sjølv, trudde eg. To veker seinare kom sjokket over telefonen. Han hadde kjøpt båten! Dersom vi med erfaring syntest båten var bra, kunne ikkje han utan erfaring bidra med noko, var forklaringen. Argument som at vår smak ikkje var som hans osv. var det for seint å kome med.

Planlegging av påsketur

Ikkje uventa kom forespørselen om eg ville vere med å gå båten opp til Ålesund i påska. Den mest nærliggjande tanken var vel at det var best å vere langt unna når det gjekk opp for han kva det var han hadde kjøpt, men fornuften fekk sjølvsagt sigre. Ein kystseilas i påska freista for mykje.

Dermed var det berre å finne fram dei rette sjøkart, diverse verktøy, naudsignal og redningsvest, for ikkje å gløyme kokekaffe. Eit større utval av varme klær høyrde og med. I og med at vi skulle starte palmelaurdag ettermiddag var det og viktig å ha handla for eit par dagar, så handleliste vart formidla.

På Internett vart tidevannstabellar for dei aktuelle dagane og stadene skrivne ut, veret med langtidsvarselet vart stadig sjekka, og under siste innspurten vart bølgjevarsel for Stadt med refraksjonskart for moglege passeringstidspunkt skrivne ut. Langtidsvarselet endra seg sjølvsagt frå gong til gong, og på onsdag vart det meldt liten storm ved Stadt! Men heldigvis roa det seg, slik at det i grunnen berre vart truslar om litt regn, noko som måtte tålast. Kuling over Stadten derimot ville blitt tøft. Då måtte vi eventuelt legge oss til å vente i Måløy eller på Selje.

Den gamle og nye reiaren treffest for første gong, og ferda utover flytebrygga byrjar. Vil bror min framleis ha meg i slekta? Spørsmålet dukkar opp i det han nærmar seg enden av flytebrygga og den nye skuta hans kjem til syne. Ein 23 år gamal, 26 fots glasfiberbåt, som har ligge ute heile vinteren, tek seg kanskje ikkje ut frå si beste side. At den er spesiell og finsk hjelp saman med påskesol frå ein blå himmel.

Vi får ny omvising og kommentarar som: "Eg hadde ikkje trudd at salongen var så stor", og "Eg håpar DU forstår dette!", kjem det nokre av. Men han held maska og ansiktsfargen er berre ei aning bleik. I det vi endeleg er åleine ombord og bakkar båten ut av båsen sin, kjem eit nytt hjartesukk. "Eg skjønar at dette blir litt annleis enn å ha ein skjærgardsjeep!"




Ut på tur

Med nordaust bris i hekken går det på skinner utover mot Mongstad. Med 3600 omdreiningar som maks, legg vi den på greie 3200. Etterkvart skal vi rekna litt på kva det utgjer i fart og forbruk. Båten er fast på styringa, og treng nesten ikkje pass. Ikkje er det meir støy enn at vi kan føre ein grei samtale heller. Nokre flokkar med ærfugl trekkjer seg unna mens vi vurderer kva rute vi skal satse på nordover. Herifrå er det ikkje mindre enn fire ulike moglegheiter nordover gjennom Gulen.

Veret er fint og vi skal då teste båten i ulikt farvatn. Målet er ikkje å kome seg raskast mogleg heim. Som bror min seier: "Det kan verte ei stund til eg kjem att her". Derfor vel vi å gå den mest spektakulære leia. Nemleg ut til Byrknes, gjennom Svartesundet og Grimesundet før vi smett over Sognesjøen til Hardbakke i Solund.

Bror min har styrt ein del ut Fensfjorden mot Hillesøyosen, men når han på kartet får sjå leia vidare nordover forbi Byrknes, er beskjeden klar. "Her får du ta over!" Opp Ærholmsundet får eg på ny erfare forskjellen på mi daglege snekkefart og den farta "alle andre" gjer. Der eg til vanleg har 5 minutt til å finne neste kurspunkt, har eg brått berre 2! Dersom eg normalt brukar 1 minutt til å sjå i kartet, har eg altså 4 minutt til å følgje med leia. Dersom eg no brukar 1 minutt, har eg berre 1 minutt igjen til å følgje med leia. Det er temmeleg stor forskjell på kva ein får med seg på 1 minutt og 4 minutt. No veit eg dette frå tidlegare røynsle, og vi går attpå til i farvatn eg er relativt kjent i. Dermed går det greitt å få synkronisert farta i kartet med farta i leia.

Spesialtriks i tronge farvatn

Vel oppe i Holmosen avslører eg eit av spesialtriksa mine når det gjeld manøvrering av raske båtar i tronge farvatn, eg dreg av farta! Dermed får eg god tid til både å finne leia med skvalpeskjer og stenger, og vise bror min det både i kartet og i verkelegheita. Her kjem eit anna triks vel med. Stenger dukkar opp når dei er passe nær. Det er ingen grunn til å stresse før ein må. Innseglinga til Svartesundet syner seg ikkje før vi er heilt oppi, så her er det greitt å kunne stoppe båten dersom det kjem nokon i mot. Leia opp sundet er godt merka, og i sakte nok fart lagar vi ikkje sjenerande bølgjer for dei som har båtane sine liggjande ved flytebryggjer og kaier heller.

Vel ute i Grimesundet er det marsjfart att. Då sukkar bror min: "Dette hadde eg aldri gjort åleine". Og slik er det med altfor mange. Kor ofte får eg ikkje spørsmålet: "Du som har farta her i så mange år har vel nokre fine plassar å fortelje om?". Det har eg sjølvsagt, men når eg syner dei det på kartet himlar dei med augene og seier at innimellom der er det ingen som får dei, og bra er kanskje det, for då får eg ha plassane i fred.

Tronge sund nordover

Så ber det vidare nordover over Sognesjøen. Varden ved innseglinga til Indre Steinsundet skal ligge håret vest av nord, så det burde vere grei skuring å finne den. Men no byrjar avsløringane på kva det er bror min har kjøpt. Sjølv i små bølgjer dansar kompassrosa polka slik at det ikkje er sjanse til å finne nord eingong! I fineveret er ikkje dette noko stort problem, for når vi nærmar oss nordsida ser vi både varden og fyret bak, men hadde vi hatt gråver og regn kunne vi fått problem.

Opp Indre Steinsundet er det berre å følgje merkene, og brått opnar sundet seg til styrbord. Kaianlegga i Hardbakke er fint lagt til rette for båtfolket, men vi er visst i tidlegaste laget for vatnet på kaia er ikkje kopla opp enno. Vi finn vatn ved dieselfyllingsanlegget.. No oppdagar vi ein annan mangel. Vi har satsa på enkel skipskost med kneipp og posesuppe, men for å lage det siste treng vi ein kasserolle, og det finst sjølvsagt ikkje. To kaffekjelar og ei steikepanne, men ikkje kasserollar!

Sjølv om dagen har vore lang er ikkje klokka blitt sju enno, så vi satsar på å gå litt til. Vi gjer det enkelt og sett kursen rett nordover opp Steinsundet. Men sidan vi skal gjere litt sightseeing og, legg vi deretter kursen meir austover, mot Buskøy. På ny hadde det vore kjekt å ha eit kompass ein kunne bruke under fart, men vardane er heldigvis relativt lette å finne. Vi svingar innom Buskøyvågen og opp sundet før vi rundar Buskøygavlen og på ny legg kursen austover. Der inne ligg Korssund, og sidan vi alt har gått nokre tronge løp, kan vi ikkje gå glipp av Korssund.

På veg innover får vi på ny eit passe strekk til å rekne litt på farta. Vi har alt nokre målingar på rundt 14 knop, og ei på 15 innover mot Buskøy. Med austabrisen litt mot klokkar vi inn på knapt 14. Men konklusjonen er klar, med 3200 omdreiningar kan ein rekne 14 knop i marsjfart. Eit anna spørsmål som lurer i bakhovudet er kva drivstofforbruk vi har. Tankmålaren viser ikkje rett, har vi fått beskjed om. Den viser mest rett når båten ligg stille, og motoren får ikkje meir når nåla viser kvart tank når vi går. I og med at ingen heilt visste kor mykje som var på tanken kan dette verte spanande. Ei havørn i majestetisk svev over Hasløya dreiar tankane attende på utsikta.

Båtførarkurs i praksis

Opp Korssundet får vi eit gløtt av steinkorsen som har gjeve staden namn, men bror min er meir opptatt av å prøve å forstå merkinga enn av historie. Anlegget i Korssundet er av dei greie, med butikk, diesel og vatn på bryggja, og dusjar og vaskemaskiner i eit servicebygg. Men no er det leia vidare nordover det dreiar seg om. Det er passe fjøre sjø, og rekka med skvalpeskjer synest godt.

Bror min går på båtførarkurs, og har fått forklart dette med raudt mot raudt og grønt mot grønt når ein går i leia si hovudretning osv. Tidlegare i dag har han og fått rikeleg med erfaring om korleis dette ser ut i praksis, men no forstår han lite. Lengst vekk står ein stake som peikar raudt til to sider. Lengre hit og utafor står ein grøn og peikar innover. Løysinga er ein skikkeleg S-sving, eller kanskje meir ein CL-sving. Ein C rundt den raude og ein L rundt den grøne. Her er det mange som har stussa vel og lenge, og eg veit om dei som går både inn og ut sørfrå for å sleppe og gå gjennom her. På flo sjø kan ein forresten smette gjennom beint fram.

Bror min føler seg stadig meir komfortabel med skuta og tek styringa opp Lammetusundet. Over Vilnesfjorden set vi kursen for Sausundet på Atløya. I vest har sola enno ikkje gått i havet, og der ligg Alden, Værlandet og Bulandet og lokkar. Der er det og mange tronge sund og fine hamner, men dei må vente til ein annan gong.

Sausundet er idyllisk og trongt, men både merkinga og kartet er greitt. Vel igjennom legg vi oss på marsjfart opp Granesundet og forbi Staveneset. Vi ser for oss flytebrygga på Svanøy som ei passe nattehamn, og med ein stille Stavfjord burde det gå akkurat før det vert mørkt. I det vi går opp Griplandsosen og nord for Svanøy byrjar det å skymast, og i det vi legg til langs flytebrygga kvart over ni er det temmeleg mørkt.

Wallasen startar utan tull, og varmen brer seg i salongen mens vi inntek meir kneipp. Etterpå vert det ein liten spasertur på land og etter ei halv pils kubbar bror min. Første dags ferd er på knapt 5 timar, men den har nok tatt på for enkelte av oss.

Vestlandsver

Neste morgon vaknar vi til kaldt regn og no vil vi få anledning til å teste båten under ekte vestlandsforhold. Inne i salongen har ikkje Wallasen noko problem med å lage det varmt nok for oss. I går var det litt treigt å få pumpa opp trykket på kokeapparatet, men litt smurning på boks fiksa det kjapt. Etter frukost og kaffe føler vi oss varme nok til å utfordre det kalde regnet. Vi går ein tur opp til det berømte Svanøy-godset. Utan lauv på trea står den kvite, staselege bygningen oppe i bakken flott fram, og plena er dekt av kvite snøklokker. Men det kalde regnet får oss snart til å ønske oss attende til ein varm båt. Sidan det er palmesøndag er ikkje den bittelille raude butikken i skogen ved kaia open heller.

Før vi startar opp sjekkar vi olje og ser etter botnvatn. Oljenivået er greitt, og litt vatn må ein vel rekne med. Nåla til dieseltanken byrjar å nærme seg halv tank, no når vi ligg stille. Det er litt spanande, men med ein knapp time til Florø og fylling bør det gå greitt?

Defrosteren er kopla til varmaren på kjølevatnet, dermed har vi lite effekt av den i starten. Men når vi nærmar oss Stavang, har vi fått nokre bare flekkar på rutene. Vindusviskarane tar greitt unna, men det er litt uvant at dei er kopla i serie. Vi får ikkje brukt den på midtruta utan at den framom føraren går først. At det hadde vore kjekt med vindusviskar framom passasjersetet på babord side kjem ikkje som noko sjokk.

Inn Stavangsundet og opp mot Stongasundet oppdagar vi på ny at ein flyttar seg fort i kartet. Gråveret som tek vekk bakgrunnane gjer det ikkje enklare. Vi fortsett nordover gjennom Osen og opp til Brandsøysundet. Her og opnar sundet seg brått, men vi har etterkvart blitt vant med desse tronge sunda og leiene.

Florø

Florø er i grunnen ein hyggeleg by, men i gråveret er ikkje inntrykket meir enn slik passe. Vi finn kortpumpa der vi kan fylle diesel også på palmesøndag. Spenninga er relativt stor. Målaren stoppar på 171,25 liter. Med tank på 216 liter og eit antyda forbruk på oppunder 25 liter i timen ville dette gjeve oss knapt 2 timar til. Men det er først ved neste fylling at vi verkeleg kan rekne på forbruket, det får verte i Måløy, før Stadten.

Her ved Florø skiftar kystlandskapet karakter. Nordover herifrå er det i grunnen store øyar med greie fjordar mellom. Det er og få leier å velje mellom. Dermed vert det hovudleia nordover med litt meir aktivitet. Rett nord for Florø er det endeleg nok av flytarar, stenger, vardar og lykter til å skjerpe ein navigatør når dei store dukkar fram av regnbygene. Men deretter er det i grunnen berre ein time med plankekøyring opp til Hornelen.

Vi får rikeleg anledning til å konstatere at defrosterane klarar å halde doggen unna rutene, men nokon varme å snakke om vert det ikkje under kalesja. Dermed må vinterundertøyet fram. Den austlege vinden tek seg opp mot frisk bris, slik at bror min og får kjenne på båten i litt skvappel.

Rugsund

Under Hornelen vel vi å gå opp Straumane til Rugsund, og no vil bror min prøve seg på eigahand gjennom den tronge leia. Eg trur ikkje han tar seg tid til å nyte synet av dei store ærfuglflokkane, det må vere hundrevis av dei, men det gjer eg. Bror min har telt 7 stenger og 2 blink gjennom den 300 meter lange Kjertensleia og er litt stille. Men når leia opnar seg til styrbord, er det sjølvsagt berre å halde på fargene. Gjennom straumen går det greitt, og når vi ser flytebryggene ved den gamle handelsstaden på Rugsund, legg han til. Bror min er stolt som ein hane når vi fyrer opp under kaffekjelen og lar Wallasen gjere det lunt i salongen for oss.

Rugsund er ein flott plass. I den gamle butikken er det både gamalt og nytt. Det lettar og i sør ser vi blå himmel og solskinn komme i vår retning. Dermed vil eg ha bror min utpå slik at eg kan få tatt nokre bilete av båten under fart. Då byrjar han å sveitte, for han har skjønt at båten dreg til styrbord når ein bakkar, og det skal litt til for å få roret til å ta styring når ein bakkar, men veret er perfekt og eg gjev meg ikkje. Etter litt manøvrering er han utpå, og eg får nokre brukbare bilete av vidunderet.

Nordsida av Rugsundøy er kjedeleg, så vi går ned att Straumane og opp Skatestraumen. Bror min styrer villig. I Måløy vil vi fylle diesel før vi eventuelt prøvar oss på Stadten. No kunne vi gjere betre berekningar av forbruket. 60,5 liter på 2 timar og 50 minutt skulle gje i overkant av 20 liter i timen, noko som igjen skulle gje ca. 1,5 liter pr. nautisk mil ved 3200 omdreiningar. Dermed kan ein og rekne 9-10 timars gange eller ca 130 nautiske mil på ein tank.

Stadten, litt angst?

Litt før 5 passerer vi Raudeberg og må ta ei avgjersle. Framom oss ligg Stadtlandet bada i sol med drivande kvit nysnø heilt ned mot 2-300 meter. Skal vi gå opp til Silda eller Selje og overnatte og ta Stadten i morgon, eller skal vi legge kursen mot Stadten og Fureneset?

Sjølv om eg har gått Stadten med småbåt mange gonger både sommar og vinter, er det alltid ein spent følelse før ein er igang. Har ein ikkje reine tankar og gode filter, er det nettopp her ein vil merke det. Det vil alltid vere nok sjø rundt Stadten til at skit i tankane vil bli virvla opp, og i verste fall tettar det filtra. Det er nok smart å ha tenkt gjennom kva ein vil gjere ved ein eventuell motorstopp her, men først bør ein nok bruke energien på å unngå det.

I dag er det i grunnen ikkje så mykje å tvile på. Veret og sikta er topp, så vi legg i veg. Bror min styrer. No er det lett å tenke seg at rundt Stadten er det berre å halde eit stykke frå land, så er alt OK, men slik er det ikkje. Enten må ein langt ut, eller så er det å snike seg mellom land og Gamla, vidare beint opp på Buholmen med skjer og grunner både på innsida og utsida. Når ein rundar Buholmen på utsida, må ein halde litt inn at på land for å gå klar Vossaskallen, så er det å halde rett nordover til ein er tvers Kjerringa. Herifrå er det berre å halde seg passe av land og enten gå søraustover, inn Vannylvsgapet mot Haugsholmen, eller nordaustover opp Flåværsleia.

Hit ut har dønningane blitt større, og no forsvinn horisonten når vi er nede i botnane. Men det er fin avstand mellom dei, og oppå er det berre småbølgjer i mot. Det er ingen problem med å halde marsjfarta. Ved å halde på høgste Skorpa til fyret på Flåværet dukkar opp går det på skinner nordaustover. Ein fiskebåt og nokre lundefuglar er alt vi møter. Vi har Skjeggane, Flesene og Lille Godøyflu på innsida, før vi får flytaren på Ristegrunna på utsida. Litt over 2 timar etter at vi bestemte oss for å gå, er vi inne på Flåværet. Her legg vi oss til for natta. Ein tur opp på haugane i solnedgangen høyrer med, langt der nede i sør ser vi Stadtlandet stikke ut i havet. Bror min sukkar litt og seier: "Det er greitt å ha styrt over Stadten, men eg skjønar at det er noko anna å skulle navigere og".

Neste morgon er det lave skyer og regn, vinden har og friskna til. Etter morgonkaffe og sjekk av motoren sig vi sakte ut mellom stengene og holmane i Flåværet mens haveller svøm i sikkerheit for oss. Havellene hekkar i innlandet, men trekker ut til kysten om vinteren. Dermed er det berre om vinteren at vi båtfolk har sjanse til å sjå dei.

Plana vidare er å ta ein tur ut til Runde før vi går inn Breisundet til Ålesund og inn til Spjelkavika.

Idet eg gjev gass får vi eit kjapt kvin frå motoren. Bror min rykkjer til, og det gjer i grunnen eg og. Men i og med at det var berre eit kort kvin satsar vi på ei slakk dynamoreim. Opp mot Igesundsvaulen merkar vi at sjøen har vorte større sidan i går, og på veg utover mot Runde er det ingen tvil. No kjem sjøen stort sett frå sørvest, og i tillegg får vi tilbakeslaga frå land. Bror min held seg godt fast mens det hoppar og ristar, men båten oppfører seg framleis pent.

Endeleg spenning!

Nå får vi dønning både frå sørvest og nordvest, men veret er i hovudsak med oss, og vi kjenner båten jobbe seg opp dønningane for så å sleppe seg utfor. Utafor Godøya byrjar det å kvine frå motoren igjen. Her er det berre å slakke ned og sette kursen for næraste hamn, mens vi held eit ekstra godt auge med temperatur og oljetrykk. Bølgjer og dønning på tvers gjer det ekstra ukomfortabelt ombord. Under den raske inspeksjonen av motoren har vi og oppdaga at akslingen vibrerer ein del ved gitte omdreiningar. Endeleg er spenninga til å ta å føle på!

Inne i småbåthamna ser vi ei ledig brygge. Bror min gjer klar tampar og hoppar. Alt går bra til eg trur eg har sett båten i fri og skal komme og hjelpe til. Eg lærer på den flaue måten at fri frå bakk er lengre fram enn det kjennest ut som. Bror min må sleppe taket før han går på sjøen, og eg må vere rask så vi ikkje bles ned på dei andre båtane. Andre forsøk går heldigvis betre.

Det stemmer at dynamo/pumpereima er slakk, og vi får eit lite problem med å stramme opp skikkeleg med det verktøyet vi har med. Kva som er normal akslingvibrasjon er vanskeleg å seie, så vi bestemmer oss for å gå innom Volvo Penta forhandlaren i Ålesund og får vite at reima framleis er alt for slakk. Bevegelsen i akslingen er normal. Vasspumpa treng overhaling. Dieselforbruket er normalt for denne motortypen.

Dermed er heimtransporten over. Tretten og ein halv time gange i ulikt ver og farvatn har gitt den nye skipperen ei bratt læringskurve, men no er i alle fall mykje av teorien frå Båtførarkurset testa i praksis. At ein flyttar seg fort på kartet var i alle fall ein grei praktisk lærdom. Heldigvis ser det ikkje ut som om verken båten eller nyskipperen tok skrekken av turen. Og fungerande skipper? Hadde det vore meir kneipp ombord så hadde han gladeleg fortsett.

Data om båten:

Type: Beaufort 800 Comfort, 1978 modell.

Produsent: Oy Beaufort Ab, Turku, Finland

Mål: 7,75 x 2,72 x 0,87 m

Vekt: 2000 kg + motor

Motor: Ferskvannskjølt Volvo Penta TMD 40A, 124 hk

Drivstoff: 216 l diesel

Ferskvann: 180 l vatn, trykkvatn, kaldt

Batterier: 2 x 165 Ah

Varme: Varmar på kjølevatnet til defroster og aktersalong, Wallas 2400, parafin, til aktersalong og cockpit, 10 l tank. Forbruk 0,24/0,12 l parafin pr. time.

Bysse: Optimus 2 bluss kokeapparat med forvarming, for parafin, plass for kjøleskap, det gamle er fjerna

Instrumenter: Defekt original VDO logg og kompass som ikkje kunne brukast under fart

Utgave: 

Stikkord: 

OPPLEVELSE: Snekkeskipper Roy Olsen står til rors i sin Polar 770 i det de passerer Eiffeltårnet i Paris. Foto: Privat.
Husker du pensjonistparet som dro ut fra Tjøme i en Polar 770 med Paris som mål? Etter mange etapper på Europas vannveier er de endelig fremme.
SAMMEN: Loxkel med Tohatsu slår seg sammen med Kellox og Honda.
Selskapene AS Kellox og Loxkel AS slår seg sammen til ett selskap.
ASKELADDEN P92 SUV er på plass på "Båter i sjøen".
Askeladden lanserer den lukkede styrhusbåten P92 SUV, og slår med det sammen to ulike målgrupper i én og samme båt. Du kan se den på «Båter i sjøen». Se bildene og les mer på www.batmagasinet.no.
Over 300 store og små båter ligger til kai på Aker Brygge. Noen er kuriøse. Andre store og dyre. Noen har verdenspremiere. – og noen har vi sett før. Allerede første dag melder flere importører og forhandlere om godt salg.
VERDENSPREMIERE: Sunseeker lanserer sin nye Hawk 38 på "Båter i Sjøen".
På Skandinavias største flytende båtmesse på Aker Brygge har det aldri vært utstilt så mange store eksklusive båter som i år. Luksusprodusenten Sunseeker dropper Cannes Yachting Festival og legger premieren på sin nyhet Hawk 38 sin til Båter i Sjøen i Oslo som åpner torsdag.
TRANGT: I år blir det trangt om plassen på "Båter i sjøen", sier Leif Bergaas i Norboat. Foto: Norboat.
– Vi skulle gjerne hatt mer plass, for i år blir det smekkfullt, sier Leif Bergaas, daglig leder i Norboat – Båtbransjeforbundet i Norge. Torsdag åpner Skandinavias største båtmesse på Aker Brygge i Oslo.
«MINI RESCUE»: Den nye båten X-27 SUV har likhetstrekk med storebror P 42, som også er i tjeneste i Redningsselskapets Staff-klasser.
Den ligger i fresen i dag, men vil etter planen være sjøklar ved juletider, Hydolifts nye X-27 SUV. Genene er ikke til å ta feil av her, båten har tydelige likhetstrekk med P42 som blant annet Redningsselskapet har i tjeneste i sin Staff-klasse.
Informasjons- og holdningskampanjer står i kø fremover...
Fra vår observasjonspost her på akterdekket har vi denne sommeren byttet ut lett sommerkrim med agurknytt og seriøse rapporter om båtfolkets utfordringer på sjøen.
Twitter icon
e-mail icon